Eg er skamtrøytt. Verkeleg. Alt har gått i eitt i det siste. Eksamenar, avslutningar, festar. Alt rett og slett. Det kan bli litt mykje, men mykje vil ha meir som det heiter på fint. Det er jo så mange som drar no, folk ein er glad i, folk ein kjenner, folk ein skulle ønske ein kjente betre. Føles som om eg er den einaste som vert att. Alle fer anten i militæret eller på folkehøgskule, medan eg har søkt meg inn på universitetet her i Bergen. Vel, nokre må jo bli att og.
Eg gler meg til alt som ligg føre i ferien iallefall då. Må først berre bli ferdig med jobbinga, så skal moroa starte. (skjønt eg har det jo ganske moro no og)
Alt i alt er eg ganske nøgd, vemodig med nøgd. Skuleresultata har gått over all forventing. 5,6 i snitt er pent, sjølv det sikkert kjem til å ligge på 5,4 etter at eg får skriftleg eksamensresultata tilbake...
Kjem til å sakne vidaregåande, det å henge rundt på skulen og allsong i timen. Men mest av alt kjem eg til å sakne folka. Det å sakne folk er det verste i verda! Eg har grene meg i søvn mang ei natt, men det var i haust då. Eg grin ikkje noko særleg no lenger. Det er meir det at det stikk i hjarte.
Uff, eg veit ikkje ein gong hen eg vil med dette. Eg er eigentleg veldig glad, men no vart eg litt nedstemt. Velvel, no skal eg planleggje kva for notatar og slikt som skal brennast på sankthans. Flammen lenge leve!













